| Måneskinstur til Porsholmen |
|
Måneskinstur til Porsholmen Skal ein padle vintersdagen stiller det endå strengare krav til tryggleiken enn elles. Sjøtemperaturen er no på 6-7 grader, og lufttemperaturen er langt lågare enn på andre tider av året. Om ein i tillegg skal ut om natta, må ein ta omsyn til at ein blir sett av andre som ferdast på sjøen og halde god kontakt med padlekollegaer . Med alt dette under kontroll, legg me i veg for å sjå om me kan navigere fram til Porsholmen i tussmørket. Gradestokken står og ristar på minus 9 eit par timar før midnatt den andre dagen i det nye året. Opplevinga av å padle ei kald vinternatt i måneskin er magisk. Det er ”svartastidla” så einaste lydane me høyrer er slupsinga av våre eigen årer. Landskuggane gjer at holmar og skjær ser annleis ut i mørket enn elles, og med kajakken som berre stikk nokre cm under vassyta kan ein gjere spennande ruteval. Det vert altså strandhogg på Porsholmen, i den karakteristiske ”baien” på nordvestsida. Niste, julegodt og kaffi bidreg til ein munter passiar rundt bålet. Ingen skal sei at det er ein varm aktivitet å drive vinterpadling, men me har våre metodar så alle kjem beinheile heim godt over midnatt etter ein tur i alle høve me sju som var ved syntest var heilt fantastisk.
|