| Fitjarøyane 13.-15.06.08 |
|
Fredag kveld mønstra me 9 håpefulle padlarar opp ved Vestbøstad på Fitjar, for ei helg i kajakkens verden. Starten var prega av høg optimistfaktor, der alle vona det ville bli ei flott helg. Me var så heldig at me hadde med oss lokalkjende Odd’n (Odd Bondevik) som guide på turen, noko som bidro i sterkt til at turen blei som den blei.
Me satte oss i kajakkane med kurs for hytta til Odd’n som ligge på ”Tranøya”, med ”Nyleia” like i bryggekanten. Odd’n tok oss trygt med gjennom lune farvatn og trange sund i om lag 2 ½ time. Då nådde me paradiset hans; hytta med tilhøyrande naust og brygge. Som skapt for ei natts rasteplass. Me satt ute og kosa oss til myggen/smikka vart for plagsom. Då trakk me inn i den koselige hytta, og der satt praten og ”snapsen” laust utover kvelden. Lørdag morgen var me tidlig på ’an. Fint vær lokka dei fleste padlarane ut på terrassen for å ta frokosten der. Om lag klokka ti var alle kommen seg i båtane igjen, og klar for dagens økt. Me hadde no ca. ein time til me skulle møte tre stk som slutta seg til laget litt lenger nord i ”Nyleia”. Etter litt om og men, var me samla alle sammen til padling omtrent klokka 11.30. Me padla då med kurs nord-nordvest over. Etter ein times tid i kajakken kom me til ”Soløya”. Her gjekk me i land og hadde lunsj pause. Lokale krefter hadde laga ein liten rasteplass med ei halvtekka over. Me nytte pausen godt, og var så klar igjen med ny energi for etappen mot ”Hanøya”. Her gjekk me i land og såg på ein gård som ikkje har modernisert seg på over hundre år. Ganske fantastisk å sjå korleis dei hadde arbeidd før om tida, og ikkje minst korleis ein har teke vare på dette. Imponerande! Me kom her i dialog med eigaren av gården. Han fortalte velviljug historia, og me fekk helsa på bûfêet hans, sauene. Etter litt trasking her, satte me no kursen mot Slotterøy fyr, målet for dagen. Her hadde me fått leigd huset som dei budde i den tida fyret var bemanna. Totalt 9 av 11 padlarar tok turen ut i ”Selbjørnsfjorden”, med kurs Slotterøy. Dei 2 siste padla innaskjers, og var innom lokalbutikken i Brandasund for proviantering. Etter mykje vind dei siste dagane forut turen, så var det knytta stor spenning til om ein ville klara komma seg i land frå kajakk. Når sjøen jobbar 1-1½ meter, kan det vera litt vågalt, og ikkje minst vanskelig, og komma seg på land frå ein kajakk. Dette viste seg å gå overrasskande bra, då me fant det rolig rundt naustet som høyrer til fyret, og kunne ha landligge der. På kvelden laga me i stand grillfest. Medbrakt ørret, produsert av Sjøtroll Havbruk, og kvalkjøtt kjøpt i Brandasund gjorde sitt til at forventningane var relativt høge. Men med to stødige kokkar, vart forventningane innfridd, og alle (nokre meir enn andre) åt seg riktig mett på festmåltidet. Utpå kvelden vart det konkludert med at sola gjekk ned like før 23.00 og opp att 04.15. Odd’n meinte dette var noko ein burde få med seg, så like før klokka 23.00 stod samtlige padlarar ved foten av fyret, og keik nordvestover i havet. Såg ikkje anna enn litt blå himmel, nokre skyer og sola som dalte. Etterkvart som sola gleid lenger og lenger ned vart synet og fargane berre finare og finare, og på slutten var det berre ein masse fargar som smelta saman i eit fantastisk maleri. Der var nedgongen forbi, då er det berre oppgangen igjen. Sidan 04.15 tross alt er midt på natta, så det var ein del som prioriterte soveposen til fordel for sola, men me som møtte opp ved foten av fyret, berre nokre timar sidan sist, fekk til gjengjeld betaling for bryet. Ett, om mulig meir, fantastisk syn enn solnedgangen byrja og visa seg i aust. Fargane kom, blanda seg utrulig fint saman og i kjølvatnet steig sola opp som ein einsam majestet. Ahh, dette var definitivt verdt å stå opp midt på natta for. Etter at sola hadde skubba til side alle fargar, evaluerte me oss fram til at eit par timar til i soveposen sikkert var lurt. Så, når klokka nærma seg 10.30 søndagen var alle atter ein gong kommen i kajakkane, og var klar for dagens etappe. Me padla mot Brandasund, og hadde eit lite stopp på butikken der. Sjølv om det var søndag så var butikken åpen, lenge leve ”Brustad-brua… Me tok ut sørover langs Vikøya, kryssa over til ”Risøya”. Her hadde me rasteplass, og tok den siste felles lunsjpakken, for denne gang. Etter kvart la me oss ut og forsatte austover mot ”Hisøya”. Heile vegen fortalde Odd’n om historien til dei ulike øyane og lokalitetane me passerte. Det er ein veldig interressant historie som ligge i Fitjarøyane. Eg hugsar diverre ikkje nok til å referere til dette no, men blir du med på tur ein annan dag, er eg sikker på at Odd’n veit like mykje, om ikkje meir, då. Hytta til Odd’n var delmål på denne etappen. Her takka han for laget, tok ein velfortent pust i bakken i sitt fantastiske paradis, mens me andre måtte sloss om plassen i ”Nyleia” med masse seilbåtar og ein brønnbåt som og ville forbi. I nordlig frisk bris viste dette seg å vera den tyngste biten av turen. Vinden tok tak i padlarane, og det var ein tøff kamp å koma seg heilt nord for ”Ivarsøy”. I det me runda neset her, var sjøen veldig røff, og me fekk prøvt oss i berging då ein av padlarane velta og ikkje kom seg opp at ved hjelp av eskimorulla. Etter å ha fått han vel oppi kajakken igjen, dreide me sørover, og gjekk med vinden siste biten gjennom Engesund inn til Vestbøstad. Sett bort fra litt refs fra sikkerhets-sjefen på turen, Joanna Bauer, så var samtlige aktørar veldig nøgd med turen og turopplegget. Ei fantastisk oppleveing, som eg gjerne blir med på fleire ganger. Tusen takk til alle som var med på denne turen, og ikkje minst til Odd’n for ei fantastisk guiding..
For Sunnhordland padleklubb, Kenneth Fagerbakk -leiar- |