Kajakktur i Flatråker-vatnet 06.04.08
Ein nydelig søndag formiddag i april samlast me mann- og damesterke, ti padlarar to damer og åtte menn, ved brua på Flatråker, og la i veg på kajakktur innover Flatråkevatnet. Dette er den første turen som var arrangert i regi av ”nyskipa” Sunnhordland Padleklubb, då me på årsmøtet 27.03.08 inkluderte Tysnes og Bømlo som medlemmer i Sunnhordland Padleklubb.

Som sagt været var nydelig, og forventningane store til kva denne turen kunne gje. Opp langs Flatråker-vatnet fulgt me langs den nordaustre delen av vatnet. Inn i midtvatnet gjennom ”Bratteid-kanalen” bar det, og her var det godt og sjå at alle hadde lært seg køkultur. Det er kun plass til ein båt i breidda gjennom kanalen, så me måtte berre venta på tur. I Midtvatnet fulgte me land halvvegs innover før me kryssa over for å padla gjennom ”Iselva”. Her var det ein del straum, noko som baud på litt utfordringar, men det såg ut som at alle hadde full kontroll i straumen. Ingen velt med andre ord. Inn i Nordbustadvatnet, det tredje vatnet av desse tre vatna som henger saman, gjekk me sør for så å følgja landet i aust oppover mot ”Botnen”, som og var plukka ut som plass til strandhogg.

Etter gode 1 time i kajakken var det igrunn godt og kunna strekka litt på føttene. Me fant ein fin plass der me hadde strandhogg. Her var det lunt for den svake vinden som var, pluss at det var varmt og godt i den herlige vårsola som skein på oss.

Under strandhogget laga me til bål, og grilla pølser, og hadde matpakkelunsjen vår. Me prata litt laust og fast, deriblant ein del om samanslåinga ein liten time, før me igjen satte kursen nedover vassdraget. Me fulgte landet vidare i Nordbustadvatnet nedover mot Iselva. No var det medstrøm i elva, så her var det berre å halda tunga beint i munnen og styra. Inn i midtvatnet igjen delte me oss litt. Nokre satte kursen rett mot basen, medan me andre fulgte rundt midtvatnet i den delen som me ikkje hadde tatt opp over, og padla litt kring holmar og land der.

Vel nede ved basen igjen, var me alle enige om at det hadde vore ein flott tur, som igjen kan markere starten på eit flott samarbeid mellom kajakkentusiastar på Tysnes, Stord, Fitjar og Bømlo. No skal det vera sagt i den samanhengen at me pr. i dag ikkje har lukkast i å få til noko samarbeid med padlarane frå Bømlo, men me jobbar aktivt med saken.

Då gjenstår det berre for meg å takka alle ti so var med og gjorde denne turen til det den var, og vonar me får mange fleire turar i saman. 

Kenneth Fagerbakk

-leiar-