Onsdagspadling 31.05.06

Onsdagsturen denne gongen vart ei frisk hending. Nordvesten sto friskt inn på Vestbøstadvika, så me var einige om å sjå tilhøva an etter kvart. To padlarar la friskt i veg med flott solskin ut mot Engesund.

Med liten kuling frå nord og nordgåande straum vart sjøane krappe eit stykke nord i ”Grudno”. Då snudde me revo til vinden og surfa sørover i feite, fine bylgjer. Dette gav meirsmak, so me runda norover att gjennom Smeholmsundet. Me fekk oss ein heftig seilas gjennnom Fodnaosen, med sjøar som nærast begravde heile båten. Ganske heftig kjensle å sitje i båten med sjøen veltande over fram- og akterdekk og samstundes kjenne seg trygg.

Truleg ikkje ein tur for den som er heilt nybyrjar i dag, men sjølv med dagens vær var det fullt mogleg å velgje ei rute i roleg favatn.