|
• Du padlar på eige ansvar. Klubben tek ikkje på seg ansvar for skader og ulykker. • Følg tryggleiksrutinar. Hugs m.a. redningsvest. • Gjer ein innsats for å læra deg god padleteknikk. • Gjer ein innsats for å læra deg sjøvit. (Padling er noko meir enn turgåing på vatn.) • Varsam og ansvarlig bruk av klubben sine eignelutar. • Betal kontingent o.l. til rett tid, slik at det ikkje vert meirarbeid for andre. Tryggleik og sjøvitEin sjølvhjelpen padlar vil ikkje vera til belastning eller risiko for turkameratane, og vil difor alltid være velkommen på tur. I ein kritisk augneblink kan du ikkje ta hjelpa frå andre for gitt. Når tilhøva vert verkeleg vanskelege, må du rekna med at andre padlarar vil være opptekne med å berge seg sjølv. Derfor må du læra deg:• Teknikk for effektiv padling. • Sjølvredning: Eskimorulle, exit/re-entring/rulle. • Stabilisering med utriggar og re-entring av kajakken. • Ulike teknikkar for kameratredning. • Rask og presis manøvrering av kajakken; Styretak og sidelengs manøvrering. • Støttetak som kan hindre at du går rundt. Før du legg ut på tur må du kontrollera at kajakken og du sjølv har det tryggleiksutstyret som trengs for den aktuelle turen:• Vindtett jakke, tette støvlar, hue, vottar, ekstra klesbyte. • Kontroller at båten er sjødyktig (tett skrog, dekk, sprekker, luker og skott, funksjon på ror- og kjølmekanisme etc.) • Padlevest/flytevest • Fyrstikker, reparasjonstape, kniv og naudsignal (naudrakettar e.l.). • Åretau på hav- og turkajakkane under normal turpadling (NB ikkje i elv, surf og liknande). • Lanterne/lys dersom det er redusert sikt; skumring, mørkt, skodde, snødrev etc. • Lista er ikkje komplett, men ei huskeliste for ulike turar. Sjøvit i kajakk:• Legg ikkje ut åleine om du ikkje har erfaring med det aktuelle farvatnet og været. • Sei alltid frå når du legg ut, og kvar du dreg. • Bekreft når du er attende. • Følg med på været. Ein bris kan væra meir enn nok til å gje deg vanskar i ein kajakk. • Vær spesielt varsam om du legg ut i frålandsvind. vanskar kan verta større lengre utpå. • Manøvrer alltid defensivt i høve til annan båttrafikk, ver ikkje trygg på at du vert sett. • Kryss skipsleia raskt, følg godt med båttrafikken. Ligg ikkje "på ræk" midt i skipsleia! • Dei fleste andre sjøfarande flyttar seg mange gonger så raskt som deg og kan dra opp store bylgjer. • Andre sjøfarande kan ha vanskar med å oppdaga kajakkar. Det er ikkje alltid slik at dei du ser, ser deg. Ver godt budd:• Du må ha dugleik, kunnskap og utstyr for dei tilhøva du kan møta. • Du må ha ei klar forståing for mogelege farar og være på vakt mot dei. Det høyrer sjølvsagt med å følgje med på værmeldinga. • Du må trena på førehand med tryggleiksutstyr og redningsteknikkar. • Du må kunne symja - og veta kva tid du ikkje skal byrja symja. • Om du går rundt i ruskevêr, slepp aldri taket på båten og åra. Dei bles vekk mykje raskare enn du kan symja. Du må tenkja gjennom ein plan (pluss ein reserveplan) på førehand for einkvar tenkeleg naudsituasjon, inkl. velt, tap av kajakk og fråskiljing frå gruppa di. Ein slik plan hindrar panikk og følelse av hjelpeløyse. • Pass deg for påverknader som kan redusera di dømmekraft, (rusmidlar). Risikere livet for å komme på jobb til rett tid eller for å hindra at dine vener alarmerer Redningssentralen. Oppsummering:Mange peikefingrar og mykje å tenke på dette, men for å oppsummere krev sikker padling det same som annan turaktivitet - med eit tillegg av sjøvit. Nyttar ein sunt vit, har normal god fysisk form, og har rett utstyr og brukar det rett, er mange av føresetnadane for ein flott tur oppfylt . Som nybyrjar må ein ta til i det små og ta stadig nye åretak.
|