Lyst å vere medlem i Sunnhordland Padleklubb?

Sunnhordland Padleklubb er sett saman av store og små, unge og unge-av-sinn, tjukke og tynne og alle yrkesgrupper. Aktiviteten er stor. Me trur du lett kan finne nokon å trivast saman med på korte eller lengre padleturar. Turterrenget vårt er eit av verdas aller beste, og nær sagt utan grenser og restriksjonar. Det er like godt eigna til turar på 60 minuttar som 60 dagar. Om du frå før er sjøvant, kan me likevel garantera at kajakken vil opna ei ny verd for deg av fridom, nærkontakt med naturen, utfordringar ...

 

Dersom du ynskjer å verte medlem i Sunnhordland padleklubb er du hjarteleg velkommen:

Prisen for medlemskap er:

Vanlig medlemskap: kr 300,- pr år
Familiemedlemskap: kr 400,- pr år

Klubben tilbyr:

Oppsette padledagar for medlemmer.  Tur med nybyrjarar i fokus kvar 2.  onsdag kl. 18.00 går me ut ( Stad vert kunngjort seinare)

Fellesturar, dag-, helg- og veketurar.

Kurs i tryggleik og teknikk, nybyrjarkurs.

Klubbkveldar, temakveldar, vedlikehaldskurs.

 

Tilbodet er avhengig av interesse, behov og innspel frå årsmøte, styre og enkeltmedlemmer. Informasjon vert å finna på klubben si heimeside: www.sunnpadling.com . Her kan du lesa om trivelege arrangement i klubben og saman med andre kajakklubber.

Påmelding skjer ved å betale kontingent til konto nr.: 354610 18 961 Send også ein e-post til Tom Rydland ( Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. ) der du gjev beskjed om at du melder deg inn i klubben. Husk å skrive namn, adresse, tlf.nr. samt alder. (Ungdom under 18 år må ha godkjenning frå føresette)